Fornying av Grus- og pukkdatabasen i Voss kommune. Grunnlagsmateriale for arealplanlegging.
Abstract
I eit treårig samarbeidsprosjekt med Hordaland fylkeskommune (2003-2005) fornyar NGU Grus- og pukkdatabasen for kvar enkelt kommune i fylket. For å møte behovet for grunnlagsdata til planlegging og forvaltning, blir dei samtidig klassifiserte etter kor viktig det er som framtidige forsyningskjelder til byggetekniske føremål. Denne klassifiseringa kan gi planleggarane betre grunnlag for å forvalte desse naturressursane for framtida.\rI Voss kommune er det 11 millioner kubikkmeter sand og grus som kan utnyttast til veg- og betongformål.