Undersjøiske marine ressursar i Sør-Trøndelag
Abstract
Sør-Trøndelag Fylkeskommune ønskjer ein oversikt over undersjøiske sand- og grusressursar som basis for tildeling av opptakskonsesjonar. Det er gjennomført eit skrivebordsstudium for å finne slike moglege undersjøiske kalksand-, sand- og grusressursar i Sør-Trøndelag fylke. Studiet er basert på tilgjengeleg geologisk litteratur, ressurskart frå Grus- og Pukkregisteret ved NGU, topografiske kart og sjøkart, samt på kommunikasjon med biologar og næringsdrivande i opptaksbransjen. 16 lokalitetar som kan eigne seg for uttak av kalksand og 4 delta som inneheld sorterte massar er peika ut. Desse lokalitetane bør ved vidare undersøking danne grunnlag for å finne nye undersjøiske massetak. Det er gjor et samanstilling av areal som er verna eller foreslått verna og dei aktuelle lokalitetane med potensielle skjelsand, sand- og grusressursar. Fiskeridirektoratet har skaffa fram oversiktskart over havbrukskonsesjonar. Det viser seg at dei fleste lokalitetane med potensielle skjelsandressursar ligg i område med vern og\/eller oppdrettsanlegg.