Grunnvatn i Rissa kommune.
Abstract
Rissa kommune er ein A-kommune i GiN-prosjektet. For dei prioriterte stadane er konklusjonen: Rissa - mogeleg i lausmassar, Råkvåg\/Sørfjord - mogeleg i fjell, Selnes - mogeleg i fjell, Bergmyran - mogeleg i lausmassar. I Rissaområdet krevst det mykje undersøkingar for å få klarlagt om det er mogeleg med grunnvassforsyning. Foreløbige undersøkingar viser at enkelte avsetningar kan vera eigna, men dei er ikkje heilt sikre.