Potensielle undersjøiske sand- og grusressursar i Troms
Abstract
Troms Fylkeskommune ønskjer ein oversikt over undersjøiske sand- og grus- ressursar som basis for tildeling av opptakskonsesjonar. Det er gjennomført eit skrivebordsstudium for å finne slike moglege undersjøiske kalksand-, sand-, og grusressursar i Troms fylke. Studiet er basert på tilgjengeleg geologisk litteratur, ressurskart frå Grus- og Pukkregisteret ved NGU, topografisk kart og sjøkart, samt på kommunikasjon med folk i opptaksbransjen. 14 lokaliteter som kan eigne seg for uttak av kalksand, 22 moglege undersjøiske randmorenar og 17 delta eller vifter som sannsynlegvis inneheld sorterte massar er peika ut. Desse lokalitetane bør ved vidare undersøking danne grunnlag for å finne nye undersjøiske massetak.