Grunnvatn i Sør-Trøndelag fylke
Abstract
Forholda for grunnvassforsyning er vurdert i tolv A-kommunar og elleve B-kommunar. A-kommunane Bjugn, Roan og Ørland vart vurdert i samband med Nord-Trøndelagsprogrammet. Kommunane i indre strøk har generelt gode forhold for utnytting av grunnvatn frå lausmassar. I ytre strøk av fylket er det lite lausmassar. Eventuelt grunnvassuttak i dei kommunane må i stor grad baserast på borebrønnar i fjell. I midtre del av fylket ligg dei fleste vurderte områda under marin grense. Dette medfører at lausmassane der er svært finkorna og generelt lite eigna til grunnvassuttak. Den einaste grunnvassførekomsten av regional interesse ligg i Melhus kommune. Det er få problem med konkrete forureiningstrusslar mot dei vurderte grunnvassforekomstane, men diffus forureining frå landbruket kan vera eit problem mange stader.