Hydrogeologiske undersøkingar ved Litledalselva, Sunndalsøra, Sunndal, Møre og Romsdal.
Report
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2667054Utgivelsesdato
1990Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter [5064]
Sammendrag
Dei hydrogeologiske undersøkingane vart uført på oppddrag frå Akvaforsk. I det undersøkte området ligg det 3-5 m med grove massar oppå opptil 20m med sandavsetningar. Under desse avsetningane ligg finsand over hardpakka fin- stoff. Grensa ned til hardpakka finstoff er kartlagd ved refleksjonsseismiske undersøkingar. Under prøvepumping har salinitet og temperatur i grunnvatnet gått ned. Dette skuldast infiltrasjon av ferskt grunnvatn. Prøvepumpinga viser at det vert transportert mykje ferskvatn i det øvste grove laget. Dette laget har ein stor gjennomtrengeligheit (K) i forhold til sandlaget under. K-verdien i det øvste laget, samt at brønnområdet ligg under flomålet gjer at det er vanskeleg å unngå infiltrasjon frå ferskvatn. Resultata frå tre månaders prøvepumping indikerer at brønnar må plasserast lengst mogeleg ut på deltaet og så langt bort frå Litledalselva som mogeleg for å få den ønskte saliniteten på vatnet. Dette kan oppnåast ved å flytta prøvebrønnane ut til pkt.3 (kartbilag 90.067-01) og plassere filteret 8-22m under overflata. Pumpeforsøk (pkt.7) og kornfordelingsanalysar indikerer ein transmissivitet (T) på 0,016 m2\/sek og ein magasinkoeffisient (S) på ca. 0,3. Resultata indikerer ein brønnkapasitet på 2-3 l\/sek pr. m2 inntaksflate.